top of page

VALFART

Når Jorun Marie Kvernberg tek med alle sine feler og ein heil messingkvintett kan publikum gle seg til ein konsert utanom det vanlege! Musikarane i NyNorsk Messingkvintett kastar seg inn i Kvernbergs klangrike og byr på både virtuositet, blåtonar og Fløgstad-poesi.


 

 

JorunMarie_OE8A9515_fotoKristinStoylen.jpg

Jorun Marie Kvernberg er folkemusikaren og komponisten som stadig trør nye stigar både i eigne og andre sine musikalske landskap. Inspirasjonen finn ho i alt frå natur, historie, lyrikk, hjå medmusikarar og i ulike musikkformer og -tradisjonar.

Hovudverket i konserten er «Valfart». Det er komponert til dikt frå Kjartan Fløgstad si debut-diktsamling med same tittel. Denne kom ut i 1968 då forfattaren var berre 24 år gamal. Kvernberg har i dei tre satsane leika seg med dikta sine historier, kor Fløgstad mellom anna målar fram sju matrosar som døyr under stjernene i ei kald isøyde i nord. Vidare skriv han om å puste ut mellom dei mørke granene i den svale sommarkvelden, og verket ender i ein fest kor både musikken og orda gir seg hen til den siste dagen, til døden, til livet og til naturen sitt krinslaup.

bottom of page